Categories
news

Liner notes!

Here are the liner notes for the new album:

NINE ROWS OF TEETH

Crew:

Haakon Steinar Vatle: lead vocals/shantyman, acoustic guitar

Roald Kaldestad: acoustic guitars, mandolin, banjo, pump organ, accordion, percussion, vocals

Gisle Østrem: concertina, accordion, bass accordion, pump organ, vocals

Rune Nesse: percussion, vocals

Ronny Sætre: vocals

Vidar Vedå:  vocals

Extra:

Bjørn Bunes: piano, pump organ, percussion effects

The title, Nine Rows of Teeth, is taken from the song Fish in the Sea, one of the more energetic songs on the album, which in total is  inspired by the huge contrasts of a sailors life – the joy and the suffering, the freedom and the longing. The cover painting is made by the great Steinar Alvestad, in a mixture of ink and brandy.   

Storm Weather Shanty Choir hails from the island of Stord on the Norwegian west coast, and consists of six musicians with backgrounds ranging from folk, rock, heavy rock, pop, and, for credibility’s sake, a leadsinger/shanty man who has been working for many years on board the tall ship SS Statsraad Lehmkuhl of Bergen. He learned and used these songs on board, and has also written a master’s degree on shanties and sea songs as the first one in the world. SWSC interpret and play songs from the seven seas in a way you have never seen or heard before, and the repertoire range from the pure vocal to full instrumentation with rock elements.

All the songs on the album are traditional sea songs (either shanties or forebitters), and they were originally sung by the first true rock‘n’rollers, the rough and salty sailors from the great days of sail.

Special thanks to: *our producer Bjørn Bunes for everything – and then some, Johannes, Magne og Svein Olav Langåker for photos and videos, Richard Burgess for helping us out with the lyrics on Farewell Lovely Nancy, Martin Carthy for inspiration on Hog Eye og Jim Jones in Botany Bay, Hallvard T. Bjørgum for inspiration for The Doomsday Tune, the audience at SALT (Oslo), on October 2, 2020, for roaring chorus and stomping on Haul Away, Joe. Elise and Simen in Sesong 1, Sveinung Rindal and Rune Danielsen from the Orchard, Maria and Jeanette in Musikkoperatørene for help with PR and marketing. Kristine Knapskog for digital support. Fisherbenny for TikTok-virality, Luna Terra B. Jørgensen for including us on the best playlist ever -Shanties that drop my panties. And most important – all our fans, friends and families for support through the years. May ye sail afore the gales!

Info:

For booking: booking@shantychoir.com 

Follow us on: www.facebook.com/shantychoir and on: www.shantychoir.com https://www.instagram.com/stormweathershantychoir/


Categories
news

Nine Rows of Teeth is out!

We are very proud to announce that our seventh album is out today. Please listen on your favourite streaming service, or buy it in our bandcamp store. Have a splendid weekend!

Categories
news

Hog Eye out now!

The day is finally here! Hog Eye is out now! Hope you like it. Have a listen in your favourite streaming service.

Categories
news

New single!

Hey ho! Hog Eye, the second single from our new album, will be released friday april 30. Pre-Save it here in your favourite streaming service.

Categories
news

Best podcasts of 2021!

Hey ho! We are featured in Goalshakers poll of the The 30 Best Travel Podcasts For 2021. On the Wind includes a whole episode about sea shanties and Storm Weather Shanty Choir. Listen to it here!

Categories
news

Radio listing!

Yiha! This week we are entering the top 40 on Norwegian Radio102. Thanks!

Categories
news

Good vibes!

Hooray! Fish in the Sea has been out for a month, and today it reached 113.165 streams on Spotify. It is also included on 2400 playlists all over the world. Thank you for all the support and good vibes! New music will be released next month.

Categories
news

Face lift!

Hey ho! We have given our YouTube channel a face lift. Please check it out, and subscribe. More new music will be out very soon!

Categories
news

How to become a shantyman!

Our very own shantyman, Haakon, has made a ten episode crash course in the fine art of leading and inspiring a crew, through singing. Check it out now on TikTok, Facebook or instagram!

Categories
news

Sugoi

Our Japanese tour promoter, Harmony Fields, sent us a great collection of videos from the tours of 2011 and 2018. Check out our YouTube channel for updates.

Categories
news

New single

Fish in the Sea is out today, on all platforms! Please listen here and buy it in our Bandcamp shop!

Categories
news

Pre save!

Hey ho! Thanks for all the love the last weeks. New single coming on February 5th! Pre save «Fish in the Sea» in your music service: orcd.co/fishinthesea

Categories
news

The year of the shanty

Yay! After lying in the musical treasure chest for hundreds of years, its finally official – 2021 is the year of the shanty.

And here’s the background story:

https://www.theguardian.com/world/2021/jan/15/shantytok-how-a-19th-century-seafaring-epic-inspired-a-covid-generation

Categories
news

Editorial listing!

WOW! It’s a great honour to be included on this exclusive list. Thank you, Spotify! https://open.spotify.com/playlist/37i9dQZF1DX8shr5OgBdbQ

Categories
news

Glimpse from the studio

A little snippet of a tune from our upcoming album. We are really excited about the new stuff,  and can’t wait to share it with you all. Stay tuned!

Categories
news

Alive

Four years ago, on this date, we released our first live album. Kind of a best-of-collection, recorded in Arena (Stord) and Riksscenen (Oslo). Please check it out online, or buy it in our shop.

Categories
news

Sea(son’s) Greetings

Photo: Marius Knutsen
Categories
news

Shout-out

We want to give a shout-out to all the great people who have included us on their playlists this year. THANK YOU!

Categories
news

News for Christmas

Our shop now includes a very limited amount of exclusive prints, done by our wonderful cover designer, Steinar Alvestad. Check out the bundles here.

Categories
news

Last chance

Photo: Runhild Heggem

December 19th will be the last chance to see the guys this strange year, in their hometown of Stord. The local authorities have recently opened for an audience of 200, so there are still some tickets left at stord.kulturhus.no

Categories
news

20 years of piracy!

Storm Weather Shanty Choir are celebrating their 20th anniversary these days, and on that occasion they will share some fond memories on both Facebook and Instagram. Stay tuned for new album in 2021!

Photo: Producer Bjørn Bunes in action at Sir Sound Productions

Categories
news

Crazy streaming numbers

Yikes! We just passed 95.000 monthly listeners on Spotify. Thank you, wonderful people around the world, for listening and sharing our recordings. New album is finished, and will be released next year. Stay tuned!

Categories
news

Honoured by our hometown

Geez! This was a great surprise. Storm Weather Shanty Choir has been awarded Stord municipality’s culture prize for 2020. Big praise and big thanks!

Categories
news

Konsertar 2020!

Kjære publikum.

Me hadde sett fram til å feire jubileumskonsertar med dykk, men i desse tider kjem helsa først og me ser oss difor nøydde til å kansellere.

Me håpar å setje opp nye konsertar når situasjonen tillet det.

Dei som har kjøpt billettar vil om kort tid bli kontakta av Ticketco og få tilsendt skjema der de anten kan få refundert kjøpet (minus avgifter til Ticketco), eller vurdere å donere beløpet til seks halvgamle sjømannssongarar.

Ta vare på kvarandre, og send ein ekstra tanke til alle gode sjøfolk som er der ute på havet.

God vind frå Storm Weather Shanty Choir!

Categories
news

Septembertur

Hausten er her og Storm Weather Shanty Choir gler seg stort  til å besøka Trondheim, Florø og Haugesund dei nærmaste vekene, Bestill billett på konsertlista, så sjåast me brått!

Categories
news

Strålande Japanturne

Storm Weather Shanty Choir er heime igjen etter tolv flotte turnedagar i Japan. På seks konsertar har me spela for rundt 1700 menneske, spela utselt 17. maikonsert i regi av den norske ambassaden i Tokyo og gjort intervju med med eit stort musikktidskrift.  Dei japanske utgåvene av gruppa sine tre siste plater vart særs godt motteke, med fleire hundre solgte plater i løpet av turneen, og kvar konsert vart avslutta med signeringsøkt med lange køar.

Categories
news

Japan for tredje gong

Det er ei glede å melda at Storm Weather Shanty Choir er inviterte til å turnera i Japan for tredje gong. Mellom 11. -23. mai vil dei gjera fem konsertar og ein showcase.
Då Storm Weather Shanty Choir spela på Folkelarm i 2008 var det ein representant for turnearrangøren Harmony Fields tilstades. Harmony Fields inviterer kvart år eit ekslusivt utval av skandinaviske folkemusikarar til Japan, og i 2010-2011 var bl.a. Valkyrien Allstars og Sudan Dudan på programmet deira. Harmony Fields kontakta oss først i mai 2010 med invitasjon om å gjere turne i november 2011.

Dei ti dagane i Japan i november 2011 gjekk over all forventing. På sju konsertar spela me for nærare ti tusen menneske, spela støttekonsert for tsunamiråka ungdomsskuleelevar, headlina ein skandinavisk festival i Osaka, hadde showcase for viktige bransjefolk i Tokyo, spela for utselde hus i Tokyo, Himeji og Hiroshima, og fekk oppslag med bilete i to av landets største aviser, Yomiuri Shinbun og Mainichi Shinbun. Då me reiste frå landet hadde me ståande invitasjon om å komma tilbake, og i oktober 2013 blei det såleis ny turne i Japan.

Det blei ti nye, ubeskrivelege turnedagar. På fem konsertar fekk me spela for rundt 1500 menneske, gjera støttekonsert for tsunamiråka ungdomsskuleelevar og spela for utseld hus i Tokyo. Den japanske utgåva av gruppa si femte plate, A Drop of Nelson`s Blood, vart lansert 3. oktober 2013, og vart godt motteken. Fleire hundre plater blei selde i løpet av turneen, og kvar konsert vart avslutta med signeringsøkt med lange køar.

Storm Weather Shanty Choir tolkar samarbeidet med Harmony Fields som ei stor anerkjenning av det arbeidet me gjer. Me er det einaste profesjonelle sjantikoret i Noreg, og vår misjon har heile tida vore å auka statusen for sjøens songar, samt å gjere denne tradisjonen attraktiv for den yngre garde, der den høyrer heime. Me har i stor grad lukkast med dette i Noreg, og spelar for fulle hus på både på folkemusikkareaner (Riksscenen, Columbi Egg) , på studentstader ( Folken, Det Akademiske Kvarter) og rockevenuar (Mono, Skuret/Familien) . Vår måte å tolke sjøens songar på har også ført oss til både rocke- og folkescenar i Sverige, Danmark, Skottland, England, Sveits, Nederland, Polen og Tyskland, og stadfestar at me har noko heilt unikt å tilby.

Storm Weather Shanty Choir vil takka Music Norway for reisestøtte!

 

Categories
news

Support for Gåte

Legendariske Gåte gjer comeback i vår, og Storm Weather Shanty Choir er stolte over å melda at dei varmar opp på sjølvaste USF Verftet i Bergen, torsdag 8. februar. Det er ikkje mange billettar igjen, så sikra deg først som sist!

Categories
news

Det minkar

Takk til alle som sørga for utsolgt hus og topp stemning i Bergen i går.

No har me berre ein konsert igjen i 2017, vår årlege konsert på ARENA, Stord.

Det minkar på billettene så hiv deg rundt!

Categories
news

SWSC & Mannskoret på Riksscenen!

Heilage Neptun! Gjer dykk klar til tidenes konsert når me slår oss saman med det legendariske Mannskoret, beståande av unge og gamle rockarar og kulturpersonlegdomar, på Riksscenen i Oslo, 6. oktober!

Arrangøren Bakkjens Basar skriv følgjande:
Storm Weather Shanty Choir
17 år etter oppstarten har dei seks sjøulkane frå Stord framleis god vind i segla sine og held fram med å fremje den maritime musikkarven på sitt rocka og inkluderande vis. Ein konsert med SWSC er ikkje som andre konsertar, med mindre rungande allsong på songar du ikkje har høyrt før er gjengs vare. Anført av kaptein Håkon Steinar Vatle syner SWSC alltid fram sitt skyhøge energi- og formidlingsnivå, og det på ein såpass overtydande måte at ein skal vera relativt innadvendt og gothic anlagt for å ikkje la seg rive med. Storm Weather Shanty Choir har sunge seg over fleire hav og til mengder av havner dei seiste ti åra. Karane har vore på turnear i både USA og Japan og halde over 400 (!) konsertar her til lands og rundt ellers i Europa. Dei har gjeve ut seks fullengarar der den seiste er ein dokumentasjon på det karane meistrar betre enn dei aller fleste – me snakkar sjølvsagt om den sjølvforklarande plata “Live”!

 

Mannskoret er i år 15 år og består av tjueto skravlefantar, fire bassistar, ein haug fedre, nokre trønderar, fire vokalister, eit par bergenserar, to skodespelarar, ein t-skjorteselgar, to regissører, ein bilmekaniker, tre komikarar, ein animatør, elleve nærsynte, fire motorsyklistar, seks døgeniktar, ein ekte østerdøl, ein frimerkesamlar, eit par hobbykokkar, nokre rundbrennarar, så godt som ingen nordlendingar, fem hårlause menn, fire radiofjes, nokre fyllikar, tre gitaristar, seksten ektemenn, tre programleiarar, tolv tullingar og ein bæring eller to. Nokre er særskilt risikosøkande, nokre litt i overkant engstelege, for mange er langsynte, tretten fråskilde, to flugefiskarar, minst ein nyforelska, mange frilanserar, ein manager, to-tre langhåra, og to skaphomser (statistisk sett). Kort sagt – knapt tretti relativt alminnelege og heilt uvanlege menn, alle fine i tøyet.
Mannskoret repertoar spenner over alt frå smektande korperler og sarte viser til norske rockeklassikarar og beinhard punk ispedd hymner til sprit og umoral. Her får du servert ein blanding av Jokke og Valentinerne, Bellman, The Aller Værste, Raga Rockers, Dead Kennedys, Cornelis Vreeswijk, Kjøtt, Imperiet, Knutsen & Ludvigsen, Frank Zappa, Stefan Sundström og Ramones – a capella!
Legg til nokre fordums nasjonalsongar og kvalifisert tullprat av rimeleg høg kvalitet og du har MANNSKORET – vel møtt!

Categories
news

God sommar

Etter fantastiske helger på Trænafestivalen og Tysnesfest, er Storm Weather Shanty Choir i feriemodus eit par veker før det brakar laus i august igjen. Sjå opp for fleire spelejobbar utover hausten!

Categories
news

Trænafestivalen 2017

Storm Weather Shanty Choir er svært stolte over å kunne røpa at dei er stadfesta til Trænafestivalen 2017!  Trænafestivalen blir arrangert årleg på den vesle øya Træna, i havgapet utanfor Helgelandskysten. I 2012 blei Trænafestivalen kåra til årets festival av norske konsertarrangørar og festivalar og i 2015  havna den på topp 10 lista i The Guardian over dei beste festivalane i Europa.

Categories
news

Ny LIVE-CD

coverI 2015 markerte Storm Weather Shanty Choir sitt 15-årsjubileum med ei rekke utselde konsertar i inn- og utland. Mange av konsertane vart lydfesta, og no er høgdepunkta samla på plate. Det seks mann sterke rockekoret frå Stord har bygd seg opp eit rykte som eitt av landets sterkaste liveband, og etter å ha høyrt plata Storm Weather Shanty Choir LIVE, skjønar ein kvifor. Her har ein klart å fanga energien, trøkket og galskapen som oppstår når sjømannsrockarane møter sitt publikum.

Frå i dag kan du kjøpa cd’en på Platekompaniet og CDON.NO, lasta den ned på iTunes eller sjekka den ut på Spotify!

 

 

 

 

Categories
news

Fantastisk sjantihaust

14095739_1151826698225139_562427225849443154_nStorm Weather Shanty Choir når stadig lenger ut i verda. Dei siste månadene har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg i Berlin, der dei toppa Berlin Shantyclash på Clash, ein av dei største og mest legendariske punkscenane i byen. Dagen etter headlina  dei eindagsfestivalen International Banjo Day, på The Old Queens Head i London.

Dei har også gjort  konsertar i dei største norske byane (bla. to utselde kveldar på Skuret i Trondheim og utselt hus på Herr Nilsen i Oslo) 6. desember står Bergen for tur,  før året blir oppsummert med førjulskonsert på heimebane, 17. desember. Følg med på konsertoversikta!

 

Categories
news

Celeber gjest på Logen

forstereis_plakat_m_logo_1000x580riksteatretLegenda Helge Jordal blir med oss på eit par nydelege låtar på Logen  Teater, torsdag 26. november. For ein kveld det skal bli! Kjøp billett på Narvesen/7-Eleven eller her: http://www.billettservice.no/event/storm-weather-shanty-choirlogen-billetter/475407

Categories
news

SWSC – 15 ÅR

SStorm Weather Shanty Choir feirar femten år i 2015, og dette vil sjølvsagt bli markert på standsmessig vis i haust. Allereie 15. august kan dei opplevast på piratfestival i Bergen, og helga etter blir det tur til europas største sjantifestival Bie Daip i Appingedam (Nederland). Følg med for fleire kjekke oppdateringar!

Categories
news

Stilfull oppvarming på ARENA

wolfy9Det er ei glede å røpa at den profesjonelle burleskartisten Miss Wolfy Woof-Woof kjem til Arena, Stord, for å gjera eit kort oppvarmingsshow for Storm Weather Shanty Choir fredag 19. og laurdag 20. desember.

SWSC møtte Miss Wolfy Woof-Woof første gong backstage under Piratfestivalen som  Jarle Andhøy arrangerte i Stavern i 2013. Ho hadde då SWSC-t-skjorta på seg, og det viste seg at ho var storfan. Me inviterte ho sporenstreks til å bli med på konserten same kveld, noko som blei ein umiddelbar suksess, og eit samarbeid som sidan er følgt opp på fleire av våre konsertar i Oslo.

Burlesk kan forklarast som ein kombinasjon av satire og performancekunst. Ordet burlesque betyr eigentleg opp-ned, og sjangeren handlar ofte om å snu sosiale normer på hovudet. Miss Wolfy Woof-Woof hadde sin første opptreden under nybegynnarkonkurransen Black Moon Fun Fair, arrangert av Midnight Burlesque, noko som gav meirsmak og førte til opptredenar blant anna under Hurly Burly Halloween og to år på  Piratfestivalen. Ho kjem til Stord med eit show spesiallaga for SWSC-konserten. Stikkord for showet er “å segle sin eigen sjø» og  «Du er din eigen kaptein, og det er du som styrer skuta kor enn du måtte ønske”. Det er truleg første gong ein burleskartist opptrer på Stord, og ein kan sjå fram til eit friskt show som blant anna inneheld piratpapegøye, piratskip og mørk rom.

Storm Weather Shanty Choir lovar tidenes konsertar på heimebane neste helg, og minner om at det framleis er ledige billettar att til konserten fredag 19. desember. Laurdagskonserten har vore utseld i lang tid.

http://www.billettservice.no/event/storm-weather-shanty-choir-ekstrakonsert-billetter/441415

Categories
news

Haustturne 2014

Storm3I haust gler Storm Weather Shanty Choir seg vilt til å besøka Danmark for første gong. Legendariske Lille Vega er staden, og dato, 26. november. I dagane som følger blir det konsertar i Bergen (Madam Felle), Oslo (Riksscenen) og på fagre Tysnes (Mandelhuset). Kom då vel!

Categories
news

Sjanti & rafting på Førdefestivalen 2014

imageStorm Weather Shanty Choir gjorde så stor lukke då dei besøkte Førdefestivalen i 2007 at dei blei inviterte tilbake til årets 25-årsjubileum! Og ikkje berre blei det stor utekonsert midt i Førde sentrum.  I forkant av konserten kunne ein også få med seg  familievenleg rafting ned Jølstra, saman med dei staute sjantigutane frå Stord. Sjekk innslag frå vestlandsrevyen her!

Categories
news

Sommaren 2014

IMG_8585 (800x533)Sommaren er som kjent festivaltid, og Storm Weather Shanty Choir blir i år blant anna å treffa i Jondal, Førde, Bergen og Øygarden. Følg med for snarlege oppdateringar!

 

Categories
news

Til Skottland

Storm Weather Shanty Choir er invitert tilimage Northern Streams Festival i Edinburgh, 25.-27. april. Her skal dei gjera konsertar og workshop. Festivalen er svært velrennomert, og folkemusikkprofilar som Sigrid Moldestad, Kim Andre Rysstad og medlemmer av dansegruppa Frikar har delteke tidlegare. Ein utsending frå Northern Streams oppdaga sjantikoret under Folkelarm 2008, ein festival som også førte til at dei fekk kontakt med den japanske turnearrangøren Harmony Fields.

Categories
news

Hei i 2014

Eit nytt år er godt igang og Storm Weather Shanty Choir har allereie vore med på å feira Statsraad Lemkuhl sitt hundreårsjubileum i ærverdige Haakonshallen i Bergen. No står snart fleire konsertar for tur, og me gler oss stort! Dei kommande månadene kan fans i bl.a Oslo, Trondheim og Edinburgh venta seg besøk, og det blir truleg to utanlandsturar i år. Meir info er rett rundt hjørnet. Følg med og ha eit strålande år!

 

 

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir klare for dobbel Stordjul

For 13. året på rad inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på heimebane og sidan konserten 21. desember allereie er utseld, blir det ekstrakonsert, fredag 20. desember.  2013 har kort sagt vore eit nytt toppår for Storm Weather Shanty Choir. Fulle hus blant anna i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger, festivalsommar med strålande konsertar på Bergenfest, Piratfestivalen, Tysnesfest, Vossa Jazz og Jærnåttå, tidagars japanturne (der dei spelte sin andre utselde konsert i Tokyo).  No stundar det mot jul og eit av årets desiderte høgdepunkt for sjantikoret – førjulskonserten på Arena (Stord). Dette blir garantert tett, svett, magisk og dei har fleire overraskingar på lur!

OBS! Billettar til ekstrakonserten finn du hos Posten, Narvesen eller på Billettservice.no.

Categories
news

God haust!


Storm Weather Shanty Choir gler seg stort til å koma i gang med haustsesongen 2013. I dei komande månadene vil  me blant anna besøke Rauland, Os, Stord, Tokyo, Sendai, Itami, Tajimi, Kesennuma, Øystese, Bergen og Haugesund.  Følg med på konsertlista for snarlege oppdateringar!

Categories
news

Ekstrakonsertar

Kveldskonserten 22. desember er no heilt utseld, men fortvil ikkje. Storm Weather Shanty Choir set opp to ekstrakonsertar:

– Fredag 21. desember, kl 20, blir det akustisk intimkonsert i Den Blå time. Dørene opnar kl 19.30 og det blir berre selt hundre billettar, så det kan vera lurt å melda seg på via epost: kaldestad@hotmail.com.

– Laurdag 22. desember, kl 14 – 14.40 blir det familiekonsert i Arena. Aldersgrensa er her sett til under 18 år, og alle over denne alderen må komma i følge med barn. Billettsal kun i døra frå klokka 13.15.

Categories
news

Til topps på iTunes?

Storm Weather Shanty Choir si femte langspelplate, A Drop of Nelson’s Blood, var klar for digital nedlasting to dagar før bandet sjølv venta det. Men kva gjer vel det når mottakinga var såpass overstrøymande? I fleire dagar første veka låg den på 2. plass på iTunes. Sjekk  ut plata på Spotify  eller kjøp den, f.eks her!   Les meir i Haugesunds Avis og Bergens Tidende. Meldarane er også nøgde, og til no har både Østlendingen, Bergens Tidende og Haugesunds Avis trilla femmarar!

 

 

Categories
news

A Drop of Nelson’s Blood

Første singel frå vårt femte album er no tilgjengeleg på  iTunes og Spotify!  Legendene fortel at drikken grogg fekk tilnamnet  “Nelson’s Blood” etter slaget ved Trafalgar i 1805, då Lord Nelson sin daude kropp blei oppbevart i ei tønne med rom. Steinar Alvestad har mala coverbiletet i ei blanding av blekk og rom.

Categories
From the Press

Ramsalt rotbløyte med ein dash sushi

Storm Weather Shanty Choir overtydde til dei grader då dei torsdag kveld gjekk på scenen under Vikedal Roots Music Festival, og viste at dei kan meir enn å drøyma om bøljan blå. Med kjende shantyar som «Cape Cod Girls», «Swansea Town» og sjølvsagt «What Shall We Do With the Drunken Sailor», stod stemninga høgt under teltduken. Det er tydeleg at gutane i StormWeather Shanty Choir kan kunstane sine – og veit kva dei skal gjera for å fengja tilhøyrarane sine. Dette er kunst på høgt plan. Lars-Toralf Storstrand, Karmsund Avis, 12. juli 2012

Categories
news

Festivalsommaren 2012

Storm Weather Shanty Choir er nærast i mål med innspelinga av si femte plate, og  ferske låtar står på repertoaret når dei den komande tida inntek  Vikedal Roots Music Festival, Etnemarknaden, Risør trebåtfestival, Fitjarfestivalen og sea-folk-song-festival (Sveits). Kom, kom!

Categories
news

Japanvideo

Konsertarrangøren Harmony Fields har laga ein video som oppsummerer Storm Weather Shanty Choir sin Japanturne i november 2011. Videoen skal brukast i pr-arbeidet fram mot ny turne hausten 2013. Ta ein kikk her!

Categories
news

Tilbake til Førde

Storm Weather Shanty Choir har gjesta Førde fleire gonger tidlegare, blant anna under Førdefestivalen 2007 der dei gjorde  ein uforgløymeleg utandørskonsert i slippen til Aker Yards. Fredag 11. mai er dei tilbake med heftig akustisk intimkonsert i Restaurant Hugleik på Rica Sunnfjord Hotel og Spa. Billett kan bestillast på TLF 57834000 (Konsert: 200,- / Konsert & bacalao: 395,-)

Categories
news

Platearbeid

Storm Weather Shanty Choir vil halda ein låg profil og konsentrera seg fullt om innspelinga av si femte plate dei neste månadene. Festivaljobbar sommaren 2012 blir sleppte om kort tid.  Følg med!

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir i Berserk-dokumentar

Storm Weather Shanty Choir brukar denne veka til siste finpuss før sin årlege førjulskonsert på Arena, førstkomande laurdag. Som ein ekstra og uventa motivasjon har sjantikoret denne veka blitt kontakta av Berserk-skipper Jarle Andhøy, som viser seg å vera stor fan. Musikken til Storm Weather Shanty Choir blei i følge Andhøy mykje spela på det forrige toktet. Toktet fekk som kjent ei dramatisk og trist vending. No er TV Norge i gang med å lage dokumentaren BERSERK TIL SYDPOLEN som skal sendast på nyåret, og som også skal gjevast ut på dvd. Jarle Andhøy vil bruke Storm Weather Shanty Choir sin musikk til deler av dokumentaren.

Categories
news

Japan oppsummert

Storm Weather Shanty Choir er heime etter ti ubeskrivelege turnedagar i Japan. På sju konsertar har gjengen spela for nærare ti tusen menneske, spela støttekonsert for tsunamiråka ungdomsskuleelevar, headlina festival i Osaka, hatt showcase for viktige bransjefolk, spela for utselde hus i Tokyo, Himeji og Hiroshima, og fått oppslag med bilete i to av landets største aviser, Yomiuri Shinbun og Mainichi Shinbun. Ifølge wikipedia er avisa Yomiuri Shinbun ikkje berre den største avisa i Japan, den har også verdas største, med dagleg papiropplag på over 11 000 000. Mainichi Shinbun er japans tredje største avis. Begge avisene la også oppslaget ut på nettsidene sine, og Storm Weather Shanty Choir kan dermed rekna med å ha nådd ut til langt over 20 millionar lesarar!

Den japanske utgåva av gruppa si fjerde plate Way Hey (and away we’ll go), vart lansert 11.11.11, og vart særs godt motteken, med fleire hundre selde plater i løpet av turneen, og kvar konsert vart avslutta med signeringsøkt med lange køar.

Categories
news

Til Japan med plate og teikneserie!

9. november reiser Storm Weather Shanty Choir på tidagars turné til Japan. Turneen er blitt til etter at dei blei oppdaga av japanske bransjefolk under ein showcase på Folkelarm i 2009. Det er sjeldan kost at eit sjantikor blir importert til Japan, og koret kan i tillegg melde om at dei japanske arrangørane gjev ut den siste plata deira, Way Hey (and away we’ll go!) i japansk utgåve, og at det er blitt laga ein japansk teikneserie som skal illustrera korleis Storm Weather Shanty Choir blei danna.

Teikneserien viser korleis Haakon Vatle starta koret etter å ha vore på seglas med Statsraad Lehmkuhl, kom tilbake til Stord og samla ein gjeng langhåra rockarar. Etter kvart er koret blitt kjent som eit fargerikt innspel både i folkemusikkmiljøet og i meir rocka musikkretsar.  

Turneen startar i Myagi, ein av byane som vart hardast råka av tsunamien tidlegare i år. Under besøket til sjantikarane er det åtte månader sidan katastrofen, og dei skal spela på ei minnemarkering i byen.

Storm Weather Shanty Choir vil takka Utanriksdepartementet og Norsk kulturråd for uvurderleg støtte til denne turnéen.

 

Categories
news

Miniturné

Om du er i Vinje, på Rjukan eller i Bergen, så kjem Storm Weather Shanty Choir snart til ein scene svært nær deg. Fredag 18. mars vil gjengen gjera ein eksklusiv akustisk konsert på Vinjar i Vinje, laurdag 19. mars spelar dei under VM i Telemark på Rjukan, og måndag 21. mars kan dei opplevast på den magiske folkemusikklubben Columbi Egg (Hotel Augustin) i Bergen.

 

Categories
news

Sjantikoret med ein vri

Storm Weather Shanty Choir vil starta 2011 med sin mest uvanlege konsert til dags dato. Dei har fått i ærefullt oppdrag av Øyo 2011 å tolka ein av sine absolutt største musikalske heltar;  songaren, låtskrivaren, skodespelaren og eksentrikaren Tom Waits. Gjennom fire tiår har mannen gjeve oss eit tjuetals plater, songar som spenner frå konvensjonelle balladar til beinhard blues og jazz, frå kabaretinnspirert musikk til industrielle rytmar, og tekstar som omhandlar skuggesidene av livet; om bomsar og horer, kjærleik, død og svik. Det er med enorm ærefrykt at Storm Weather Shanty Choir går laus på sine Waitsfavorittar : “away boys, heave away”. Les meir her!

 

 

Categories
news

God nytt år!

Til alle som støtta oss i jubileumsåret 2010 – Me elskar dykk og ser fram til nye møte i året som kjem. 2011 teiknar til å bli eit  aldeles strålande sjantiår, med ny plate på gang, massevis av konsertar i Norge, turné i Japan++ Sjekk konsertlista vår for snarlege oppdateringar!

 

 

Categories
news

Big in Japan?

2011 ser ut til å bli eit uvanleg godt år for rockekoret frå Stord. Dei er allereie hyra inn til fleire festivalar, blant anna VM i telemarkkøyring i Rjukan i mars,  ny plate kjem i mai, med påfølgande noregsturné, og i november er dei blitt booka til nidagars turné i Japan. Japanturnéen er direkte resultat av ein showcase koret gjorde under Folkelarm 2008, der ein japansk festival- og turnéarrangør fekk fullstendig fot. Konsertar i Tokyo og Osaka er stadfesta. Dette blir ein ny og eksotisk milepæl for Storm Weather Shanty Choir, og viser nok ein gong at dei har noko unikt å by på i musikkverda. Storm Weather Shanty Choir feirar 10 år i 2010, og etter eit jubileumsår med fleire festivaljobbar, turné på aust- og vestkysten av USA og ei lang rekke enkeltkonsertar, blir året avslutta med tradisjonell førjulskonsert på Arena, laurdag 18/12. Billettane er allereie i ferd med å ryke ut.

Categories
news

Slår på stortromma

Storm Weather Shanty Choir feirar tiårsjubileum i 2010, og kan sjå tilbake på eit fantastisk år med turné på aust- og vestkysten av USA, fleire festivalar i inn- og utland og herlege konsertar rundtom i heile Noregs land. Tiårsjubileet blir avslutta med vår årlege førjulskonsert på Arena, og me håpar at vårt gode publikum frå land og strand tek turen! Billettane er i sal på Frugård no! Gjer det deg klar til stiv kuling, stille hav og storslått julestemning.

Obs! SWSC er for tida i studio for å klargjere ny plate for release til våren. Følg også med for fleire fantastiske nyhende for 2011.

Categories
From the Press

…imagine Gogol Bordello singing sea shanties.  (bloggpost etter konsert på The Tractor (Seattle),  april 2010)

Categories
news

Sjanti på NRK1!

Storm Weather Shanty Choir var å både sjå og høyra i Førkveld, 29. september. Sjå opptak her.


Categories
news

Dokumentarmusikk

Storm Weather Shanty Choir sin USA-tur i april 2010 gjev stadig nye resultat. Låten Hieland Laddie frå rockekoret si hittil siste plate, Way Hey (and away we’ll go), blir no filmmusikk til ein historisk dokumentar om havna i Seattle. Dokumentaren vil bli lagt ut på nettsida Port of Seattle

Categories
news

Enormt digitalsal

Ein blir kanskje ikkje feit av det, men det er likevel stor stas å melda at Storm Weather Shanty Choir det siste året er lasta ned eller streama over 250.000 gonger over heile verda. Berre i Sverige har Drunken Sailor for eksempel blitt streama heile 30.000 gonger!

Categories
news

Feira Florø

Florø by feira 150 år 14. – 16. mai, og Storm Weather Shanty Choir gjorde sitt for at det skulle bli ei minnerik helg. Sjå bilete og reportasje frå Firdaposten her.

Categories
news

Strålande USA-tur

Storm Weather Shanty Choir er tilbake i heimelandet etter ein strålande USA-turné. Mellom femti og to hundre fans stilte på kvar av dei åtte konsertane i New York, Kennebunk, Boston og Seattle, og det var god stemning over heile fjøla. Nye kontaktar er knytte, festivaljobbar er sikra, og me gler oss allereie til å reisa tilbake!

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir på ny turné til USA

Mellom 6. og 15. april 2010 dreg sjømannsrockarane og bastardane i norsk folkemusikk på sin andre USA-turné i løpet av kort tid. New York City (NY), Boston (MA), Kennebunk (ME) og Seattle (WA) får besøk. Rockekoret frå Stord fyller ti år i 2010! Langvarig og målretta arbeid resulterer i eit stadig større publikum i inn- og utland. Status for Storm Weather Shanty Choir er fire kritikarroste plater og over 200 konsertar. Med sin unike sjanger og livepakke har dei opparbeidd seg eit breitt og stort publikum og kredibilitet både i rocke- og folkemusikkmiljø. 2009 var det mest innhaldsrike året i Storm Weather Shanty Choir si historie, med tre noregsturnéar og fleire festivaljobbar, men det absolutte høgdepunktet var miniturnéen  til USA i september 2009, med fleire jobbar på indiestader i New York og eventyrleg booking til eit bryllaup (!) i Maine. Tilbakemeldingane frå publikum og spelestadar var enormt positive;  New York har det meste, men ikkje eit rocka sjømannskor. Jobbane førte til at sjantikoret sporenstreks blei invitert tilbake, og dette er den direkte årsaka til årets utvida USA-turné. Storm Weather Shanty Choir er no invitert til å spela på bl.a. musikkbransjetreff i New York, “fundraising”-konsert i Boston, legendarisk rockevenue i Seattle, og avslutte med stor konsert på Nordic Heritage Museum.

10 years of piracy US tour!

7. april – Rockwood Music Hall, New York City, New York

8. april – Parkside Lounge, New York City, New York

9. april – Duffy’s Tavern, Kennebunk, Maine

10. april – Fundraising-konsert, Boston, Massachusetts

11. april – The Scandinavian Living Center, Boston, Massachusetts

13. april – New York – Tractor Tavern, Seattle, Washington

14. april – New York – Nordic Heritage Museum, Seattle, Washington

Categories
news

Stor takk skal de ha …

…uti jamjamjam, alle gode folk som fylte Storm Weather Shanty Choir sin niande julekonsert til randa! Ei særleg takk til gjengen frå Oslo som kom med tog over fjellet for n’te gong, og ein trøystande tanke går ut til fansen på Utsira som sat vérfaste på festkvelden … Eit utruleg sjantiår går mot slutten, med tre noregsturnear, mange festivaljobbar, eventyrleg USA-turné, ny kritikarrosa plate, og sist og best – ein fantastisk flott og jamnt aukande fanskare!

Me elskar dykk og håpar de følger oss inn i jubileumsåret 2010! 

Categories
news

Makalaus opptur

Storm Weather Shanty Choir sin tredje noregsturné er over, og gutane vil nytta høvet til å takka alle dei (overraskande mange!) frammøtte for ein einaste lang og makalaus opptur. Me elskar dykk! 

Plassane som fekk besøk i haust var:

11.11.09, Bergen, Madam Felle

12.11.09, Trondheim, Familien

13.11.09, Tromsø, Driv

14.11.09, Oslo, Herr Nilsen

19.11.09, Stavanger, Checkpoint Charlie

20.11.09, Haugesund, Høvleriet

21.11.09, Bømlo, Amfisalen, Moster Amfi (akustisk)

22.11.09, Kvinnherad, Utåker bygdahus

Turnéen er støtta av Norsk Kulturråd

 

 

Categories
news

Thanks!

Stor takk går ut til til alle me møtte oss på vår strålande USA-turné 9. – 12. september. Dette var eit eventyr frå ende til annan! Thanks to all the lovely people we met at Parkside Lounge, Rockwood Music Hall, The Living Room, Duffys & The Wedding. We’ll be back soon!

 

Categories
news

USA-turné

At MySpace ikkje er oppskrytt er det herved fleire enn Arctic Monkeys som kan skrive under på. 12. september 2009 er Storm Weather Shanty Choir inviterte til å spele i bryllup i Kennebunk, Maine, etter at det unge amerikanske brudeparet oppdaga musikken deira på MySpace og blei frelste. Sjantikoret frå Stord nyttar det gyldne høvet til å dra over og gjere ei handfull opne konsertar i New York og Maine i forkant, bl.a. på indieklubbane The Living Room, Rockwood Music Hall og Parkside Lounge.

Turneén er støtta av Norsk Kulturråd!

 

 

Categories
news

Der havsus møter populærmusikk

Storm Weather Shanty Choir blir å høyra på årets Periferifestival, 29. august. Ellers på programmet finn ein fine folk som Odd Nordstoga, Bigbang og Farmers Market. Les meir her.

 

Categories
news

Blodfan med sjantitatovering

I dag er me stolte over å kunne presentera eit synleg bevis på at Storm Weather Shanty Choir har pådrege seg blodfans. Biletet viser nemleg den rykande ferske tatoveringa til Jasmin Mraz Johnsen. Skuteteikninga er henta frå sjantimann Haakon Vatle si soloplate, Den norske sjømann!

Categories
news

Turnégleder

Storm Weather Shanty Choir vil takke alle frammøtte for å ha gjort Way Hey-lanseringsturnéen til ei einaste lang glede!  Bergen, Haugesund, Stord, Narvik. Tromsø, Fredrikstad, Oslo (ekstra stor takk til “fantasigjengen”) Trondheim og Stavanger var heilt strålande, og no ser sjantigutane fram til sommar og festivaltid. Sjekk flotte bilde frå Driv. På YouTube finn ein også opptak frå Oslo og Tromsø. Her kan ein lese ei begeistra konsertmelding frå studentavisa i Stavanger (side 6).

Categories
news

Ny plate ute

Way Hey (and away we’ll go)  vart sleppt i butikk og på nett mandag 27. april. Bergens Tidende, Bergensavisen og Telemarksavisa har allereie trilla femmarar på terningane, og femmar blei det også frå Geir Hovensjø i Østlendingen, Hamar Dagblad og Ringerikes BladHaugesunds Avis sin meldar meinar det har blitt ei “forseggjort og energisk vokalplate” og at det “låter rock’n roll” mens Varden sin mann har forelska seg heilt i opningslåten, Shenandoah: “ Får den radiospilling, burde den føre mange til shantymusikken”, skriv han. I månadene som følger legg koret ut på omfattande lanseringssturne!

Turnéen er støtta av Norsk Kulturråd.

 

 

 

 

Categories
news

Korar for Nordstoga

I 2004 var Storm Weather Shanty Choir med på Odd Nordstoga si store gjennombrotsplate, Luring, og når bror hans Aasmund no solodebuterer bidreg sjantikoret frå Stord med malmfull mannssong på Balladen om en munk og Gatefeiersang . Plata har fått masse finfine meldingar. Sjekk den ut her!

Categories
news

Bergenfest 2009

Way Hey (and away we’ll go) vil bli høgtidleg lansert under årets Bergenfest, torsdag 30. april i Bankettsalen på Hotel Norge. No kan kan du også bestille konsert og hotellpakke.

 

Categories
news

Boney på iTunes

No kan ein laste ned Storm Weather Shanty Choir sin siste singel på iTunes! Boney blir også å finne på sjantikoret si fjerde plate, som er under innspeling i Sir Sound Studios på Stord i desse dagar. Bjørn Bunes (William Hut/Magnet/Morten Abel) er produsent.

 

Categories
news

God jul

Årets to julekonsertar på Stord overgjekk alle mulige forventningar, og Storm Weather Shanty Choir tek no juleferie med god fred i hjartene. Men det blir ikkje langfri. Om få veker startar innspelinga av fjerdeplata, og sleppedato er sett til 30. april. Fleire festivalar har også allereie meldt interesse før neste sommarsesong. Følg med for snarlege oppdateringar!

Stor, stor takk til alle fine folk som har møtt på konsertane våre, heia og støtta oss i året som gjekk. 2008 har vore eit heilt fantastisk år for oss. Ser dåke i 2009!

Categories
From the Press

Ein kuling av eit kor

“Storm Weather Shanty Choir lovar album nummer fire neste år, og i ventetida vil me tilrå «Boney» på det varmaste. Tittelkuttet byr på frisk og maritim folkrock, utsøkt arrangement og kuling i dei vokale kasta.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen 12/12 2008.  Les heile meldinga her.

Categories
news

Ekstra familiekonsert

Tradisjonen tru inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på Arena (Stord) laurdag 20. desember. Mesteparten av billettane til kveldskonserten er allereie selde, og i år som i fjor kjem det delegasjonar eins ærend frå Bergen og Oslo for å få den med seg. På grunn av den store etterspurnaden, er det no ei glede å invitere til mini familiekonsert kl 14.00, på Arena, 20. desember. (Billettsal på Bakeriet Frugård, tlf 534 10534)

Categories
news

Årets høgdepunkt

Storm Weather Shanty Choir sin årvisse førjulskonsert vil gå av stabelen på ARENA (Stord) laurdag 20. desember. Ein trufast fangjeng frå Oslo har allereie lagt av billettar til høgtidsstunda, så her gjeld det å vera tidleg ute! (Kjøp billett på Bakeriet Frugård, tlf 53410534. OBS! Dei 200 første får singelen Boney  på kjøpet. Det blir ståplassar, men me tilbyr 50 eksklusive sitjeplassar til folk over 50!)

Categories
news

This week’s featured CD

Storm Weather Shanty Choir sin siste singel, Boney, er kåra til vekas plate på den amerikanske nettstaden Maritime Heritage Network. God vind for sjantikoret om dagen altså, og meir godt nytt er i vente!

Categories
news

Sjantikoret til filmen

Storm Weather Shanty Choir blir å høyra på to DVD’ar denne hausten. Først på Kong Vinter sin femte skifilm, Anagram, der ein finn Drunken Sailor på lydsporet. Filmen følger gratis med i novembernummeret av ekstremsportbladet Fri Flyt.

Seinare i haust kjem den offisielle videoen frå The Tall Ships’ Races 2008. Her er Storm Weather Shanty Choir representert med fleire låtar!

Categories
news

Noregsturne med singelslepp

Mellom 10. og 17. november kjem Storm Weather Shanty Choir til ei scene nær deg, og i skipssekken har dei den rykande ferske singelen Boney!

10.nov: Hå – Teo-Teknikk (Forhåndssalg tlf 51434011)  

11.nov: Kristiansand – Kick scene

12.nov: Rauland – Årestoga (akustisk)

13.nov: Bø – Grillen

14.nov: Tromsø – Kulturhuset

15.nov: Oslo – MS Innvik. (Forhåndsbestilling på epost: oslofolk@gmail.com )

16. nov: Førde- Bygstad

17. nov: Bergen – Columbi Egg (akustisk)

 

Categories
news

Sjantikoret over heile landet

Me er stolte over å kunne presentere ein ny milepæl i sjantikoret si historie.  Mellom 10. og 17. november 2008 vil gjengen koma til ei scene nær deg. Kryss av i almanakken!

 

The Hey Ho Norway Tour 2008!

 

10.nov: Håvegen v/Obrestad fyr -Teo-teknikk

11.nov: Kristiansand, KICK

12.nov: Rauland – Årestoga

13.nov: Bø – Grillen

14.nov: Tromsø – Kulturhuset

15.nov: Oslo – Ms Innvik

16.nov: Førde

17.nov: Bergen – Columbi Egg (Hotel Augustin)

 

 

 

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir til Folkelarm 2008

Storm Weather Shanty Choir er for andre gong plukka ut til den viktigaste happeningen i skandinavisk folkemusikk. Folkelarm skal ifølge programutvalet “vise det beste som foregår på et vidt definert folkemusikkfelt i Norge i dag.” Av 120 påmelde demoartistar vart kun 34 plukka ut til det offisielle programmet. Folkelarm går av stabelen i Oslo mellom 25. og 28. september 2008.

Les meir på www.folkelarm.no

Categories
From the Press

Allsang og “devil horns”

Om det var jungeltelegraf, eller iherdig programlesing som skyldtes folketilstrømningen vites ikke, men tyve minutter før Storm Weather Shanty Choir skulle på i båthavna, økte folketettheten….Pratesurr fikk en brå stans da Storm Weather satte i med alle stemmer i lydsjekken. – Bare vent, dåke ska jaggu meg få! Sa frontmann Håkon Vatle. Og det fikk folket. Koret oppløste pratestemningen og la blod, svette og tårer ned i å få litt lite festmotiverte publikummere med på allsang og “devil horns”. Og det klarte de med sjarm, innlevelse og refreng på stor plakat. Haugesunds Avis, 12. juli 2008

Categories
From the Press

Terningkast seks!

Storm Weather Shanty Choir hadde Haavebua-publikummet i si hule hand frå første låt fredag kveld. Det var allsang, latter og hæla i taket… Shanty-koret leverte ekte irsk folkemusikk med imponerande vokal. Terningkast seks! Firdaposten, 21. juni 2008.

Categories
news

Alt på iTunes

No kan ein endeleg laste ned Storm Weather Shanty Choir sin samla produksjon på iTunes!

Singelen Drunken Sailor får framleis mykje speletid på NRK P1 og P2, og NRK Urørt har låten på si anbefaltliste. Dave Cloud-versjonen er inne i sin andre månad på Topp 40-lista til Radio 102 og vert også snart å høyre på Radio Haugaland.

 

Categories
news

Sjantikoret på sommartokt

Storm Weather Shanty Choir har gjort stor lukke i Florø, Sveio og Kristiansand dei siste helgene. (sjå biletserie frå Haavebua på Firdaposten sine nettsider) Dei gler seg til å besøke Vindafjord og Tysnes om kort tid, og flusst av kjekke jobbar er i kjømda. Noregsturneen i november er snart ferdigbooka, og me kan røpe at dei blant anna vil ta turen til: Tromsø, Bø i Telemark, Bergen, Oslo, Stavanger og Rauland.  Følg med for oppdatering!

Categories
news

Sleppekonsertar og liveopptak

31. mai var sjantikoret i Bergen og lanserte singelen Drunken Sailor for elleville fans i bakgården på Jacobs. Laurdag 7. juni var det stinn brakke på heimebane på Arena, Stord. 8000 abonnentar hadde motteke singelen i avisa Sunnhordland dagen før, og det kunne ein høyra på allsongen! Heldigvis var det opptaksutstyr på plass, og deler av opptaka blir med på ei utgjeving seinare i år!

Categories
From the Press

Minne for livet

“Konsertane med Storm Weather Shanty Choir gir nemleg garantert flassfri bakoversveis og eit minne for livet og opp.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen, 30. mai 2008.

Categories
news

Sjantisingel i 8000 eksemplar

Storm Weather Shanty Choir er lett inspirert av Paul McCartney, Prince og Coldplay når dei om kort tid slepp singelen Drunken Sailor i heile 8000 eksemplar gjennom avisa Sunnhordland ! Dette skjer fredag 6.juni, og så vidt me veit er dette første gong i Noreg at ein singel vert sleppt på denne måten.

Låtane blir også å finne på Itunes om kort tid!

Categories
news

Drunken Sailor som du aldri før har høyrt han

Storm Weather Shanty Choir & Dave CloudStorm Weather Shanty Choir sin nye singel er i trykken og vil vera i butikkane og på Itunes om få veker. Du kan allereie ta ein forhåndslytt her! Spor to på singelen blir ein eksklusiv remiks med vokalbidrag frå rockaren og kultartisten frå Nashville, Tennessee; Dave Cloud. Dette blir årets sumarhit frå Storm Weather Shanty Choir. Spel høgt og sprei linken til alle du kjenner!

Categories
news

Folkelarm 2006

SWSC var tekne ut til Folkelarm 2006 og dette viser at sjantikoret driv med folkemusikk i ordets rette forstand: tradisjonsmusikk med brei appell både blant unge og gamle, i både rocke- og tradisjonsmusikkmiljø.

Også svenskane likte det dei såg på Folkelarm. ”Lugn var något som Storm Weather Shanty Choir inte förmedlade, och det var inte utan man kände sig fångad av en stormvind när den sex unga män starka kören sjöng, showade, spexade och trollband en överförtjust publik. Tilltalet var rått men hjärtligt när vi blev ombedda att sjunga med (öppna käften eller gå ut!) och det resulterande trycket på allsången skulle ha gjort en Anders Lundin riktigt avundsjuk. En solklar feel-good-upplevelse.” Anna Carlberg-Krüg, Folkmusik & Dans 3/2007

Categories
news

Fantasifestivalen

Sjantikoret var å treffa på Fantasifestivalen i Kristiansand, 25. august 2006. Her kan du lesa kva Fædrelandsvennen skreiv i forkant.

Categories
news

Pumpa te du dør!

Storm Weather Shanty Choir hadde æra av å varme opp for sjølvaste Kaizers Orchestra i Haugesund 9. juni. Du kan lesa om den fantastiske kvelden her.
 

 

Categories
news

I godt selskap under Bergenfest 2006

Sjantikoret er i godt selskap når festivalgeneral Frank Nes oppsummerer høgdepunkta på Bergenfest 2006: “-Tangokonserten på Ole Bull Scene var sinnsykt bra. Det sammen med Daniel Lanois og konserten med Dave Cloud og Storm Weather Shanty Choir.”  BA, 2. mai 2006

 “Motsetninger tiltrekker hverandre, heter det visst, det må være forklaringen. Hvordan ellers ender et vestlandsk shantykor som backingvokalister for festivalmaskot Dave Cloud? Mens sunnhordlendingene i Storm Weather Shanty Choir pustet ut etter å ha gitt et humoristisk og rungende innblikk i en flere hundre år gammel sangtradisjon, gikk Nashvilles pussigste sønn løs på rockesjangeren med like stor iver og uærbødighet. Etter en times hardtrockende, meloditøyende spillopper satte Cloud kronen på verket ved å få med seg hele koret til å improvisere over omkvedet “Pink tornado” i minst fem minutter, mens han selv messet i kjent stil. At koret fikk forsterkninger av en salig glisende Lambchop-pianist, Tony Crow, føltes på dette tidspunktet bare helt naturlig.” Bergens Tidende, 2. mai 2006.

Categories
news

Elektroakustisk sjanti

Trade Winds av Natasha Barrett  vart urframført under ILIOS- festivalen i Harstad, 5. februar 2006.  Grunnen til at me nemner det er at verket inneheld ei bearbeiding av South Australia, framført av Storm Weather Shanty Choir.