For 13. året på rad inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på heimebane og sidan konserten 21. desember allereie er utseld, blir det ekstrakonsert, fredag 20. desember. 2013 har kort sagt vore eit nytt toppår for Storm Weather Shanty Choir. Fulle hus blant anna i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger, festivalsommar med strålande konsertar på Bergenfest, Piratfestivalen, Tysnesfest, Vossa Jazz og Jærnåttå, tidagars japanturne (der dei spelte sin andre utselde konsert i Tokyo). No stundar det mot jul og eit av årets desiderte høgdepunkt for sjantikoret – førjulskonserten på Arena (Stord). Dette blir garantert tett, svett, magisk og dei har fleire overraskingar på lur!
OBS! Billettar til ekstrakonserten finn du hos Posten, Narvesen eller på Billettservice.no.
3 replies on “Storm Weather Shanty Choir klare for dobbel Stordjul”
Skulle ønsket at dokke to fredagen I HAUGESUND
Skulle ønsket at dokke tok fredagen I HAUGESUND
Hei! Me kjem til Byscenen i Haugesund både andre juledag (bandet – den siste valsen) og 15. februar. Spre ordet!