Storm Weather Shanty Choir brukar denne veka til siste finpuss før sin årlege førjulskonsert på Arena, førstkomande laurdag. Som ein ekstra og uventa motivasjon har sjantikoret denne veka blitt kontakta av Berserk-skipper Jarle Andhøy, som viser seg å vera stor fan. Musikken til Storm Weather Shanty Choir blei i følge Andhøy mykje spela på det forrige toktet. Toktet fekk som kjent ei dramatisk og trist vending. No er TV Norge i gang med å lage dokumentaren BERSERK TIL SYDPOLEN som skal sendast på nyåret, og som også skal gjevast ut på dvd. Jarle Andhøy vil bruke Storm Weather Shanty Choir sin musikk til deler av dokumentaren.
Categories