9. november reiser Storm Weather Shanty Choir på tidagars turné til Japan. Turneen er blitt til etter at dei blei oppdaga av japanske bransjefolk under ein showcase på Folkelarm i 2009. Det er sjeldan kost at eit sjantikor blir importert til Japan, og koret kan i tillegg melde om at dei japanske arrangørane gjev ut den siste plata deira, Way Hey (and away we’ll go!) i japansk utgåve, og at det er blitt laga ein japansk teikneserie som skal illustrera korleis Storm Weather Shanty Choir blei danna.
Teikneserien viser korleis Haakon Vatle starta koret etter å ha vore på seglas med Statsraad Lehmkuhl, kom tilbake til Stord og samla ein gjeng langhåra rockarar. Etter kvart er koret blitt kjent som eit fargerikt innspel både i folkemusikkmiljøet og i meir rocka musikkretsar.
Turneen startar i Myagi, ein av byane som vart hardast råka av tsunamien tidlegare i år. Under besøket til sjantikarane er det åtte månader sidan katastrofen, og dei skal spela på ei minnemarkering i byen.
Storm Weather Shanty Choir vil takka Utanriksdepartementet og Norsk kulturråd for uvurderleg støtte til denne turnéen.