At MySpace ikkje er oppskrytt er det herved fleire enn Arctic Monkeys som kan skrive under på. 12. september 2009 er Storm Weather Shanty Choir inviterte til å spele i bryllup i Kennebunk, Maine, etter at det unge amerikanske brudeparet oppdaga musikken deira på MySpace og blei frelste. Sjantikoret frå Stord nyttar det gyldne høvet til å dra over og gjere ei handfull opne konsertar i New York og Maine i forkant, bl.a. på indieklubbane The Living Room, Rockwood Music Hall og Parkside Lounge.
Turneén er støtta av Norsk Kulturråd!